Gjestehavna er igjen åpen for overnatting. Om en båt ikke har toalett og kjøkken, er det ulovlig å overnatte i havna. Man kan imidlertid legge til, ta seg en spasertur eller være i båten, men ikke overnatte. Dette trer i kraft fra 20. april og varer frem til 11. mai, eller inntil nytt vedtak blir fatta.

Forskrift om stenging av sanitæranlegg på campingplassar, bubilcamping og gjestehamner i Ålesund kommune i samband med utbrot av Covid-19.

Fastsett av Kriseleiinga i Ålesund kommune med heimel i lov 5.august 1995 om vern mot smittsame sjukdommar (smittvernlova) § 4-1 første ledd bokstav b), jf. femte ledd.

§ 1 Formål
Forskrifta sitt formål er å avgrense smittespreiing av Covid-19

§ 2 Virkeområde
Forskrifta gjeld innafor Ålesund kommune sine grenser.

§ 3 Stenging av sanitæranlegg ved campingplassar, bubilcamping og gjestehamner
Kommunen pålegg campingplassar, bubilcamping, gjestehamner eller anna verksemd som driv hytte- /leilighetsutleige å halde felles sanitæranlegg stengt.  

Overnatting på campingplassar i kommunen er berre tillatt i bueiningar, campingvogner og bubilar og tilsvarende som har toalett og kjøkken. Det same gjeld for overnatting i båtar i gjestehamner.

§ 4 Unntak
Det kan gjerast unntak for gjester som har avtale om langtidsleige i bueining utan bad og kjøkken.

Smittevertiltak må gjennomførast og dokumenterast.  Tiltaka skal sendast til Kommuneoverlegen i Ålesund.

§ 5 Økonomisk ansvar
Ålesund kommune tek ikkje på seg økonomisk ansvar som følgje av pålegg gitt i denne forskrifta.

§ 6 Varighet
Forskrifta varer fram til 11. mai 2020, eller inntil nytt vedtak blir fatta.

§ 7 Forskrifta trer i kraft
Forskrifta trer i kraft frå og med 20 april 2020.